Arkivplan.no
Utskriftsvennlig versjon

Arkivorganisering

01.01.2020 slo Fusa kommune og Os Kommune seg saman til Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden kommune er definert som eit organ jfr. Forskrift om offentlege arkiv § 1-1.

Dokumentsenteret med arkivleiar er organisert under eininga Stab og utvikling  i organisasjonskartet og nærmeste overordna er kommunaldirektøren.

Dokumentsenteret har sentralt postmottak med hovedsete i Eikelandsosen, samt ei avdeling på Rådhuset i Os.

Eininga har 12,5 årsverk og har det overordna ansvaret for kommunen sine arkiv.

Arkivordninga til Bjørnafjorden kommune bygger på et dagligarkiv som er fullelektronisk.

Dokumentsenteret har det daglege ansvaret for registrering av dokumentasjon i Acos websak.

Arkivleiar og dokumentsenteret skal kvalitetssikre det fullelektronisk arkivet etter gjeldande lovar og forskrifter for offentleg forvaltning og fullelektronisk arkiv, og dokumentere den administrative sakshandsamingen i Bjørnafjorden kommune.

Bjørnafjorden kommune har full-elektronisk arkiv for alle tenesteområda som er knytt til Acos Websak. Det fullelektroniske sak og arkivsystemet, er oppbygd med fleire arkivskaperer som inneheld ulike administrasjonsenheter, arkivdeler og sakstyper.

Alle einingar utførar sitt daglege arbeid i Acos websak, fordelt på aktuelle arkivdeler og tilgangsgrupper.

Bjørnafjorden kommune nyttar fleire ulike typar fagsystem. Dokumentsenteret utfører dagleg sentral postføring i fagsystema Profil og Socio.

Ei komplett oversikt over dei ulike systema ligg under punkt 4.

Laster...