Kommunestyret er det øvste politiske organet i kommunen. Kommunestyret gjer vedtak på vegner av kommunen i alle saker der vedtaksmyndet ikkje er delegert vidare.
Kommunestyret vert vald kvart 4. år.
Kommunestyret består av 35 faste medlemmar og Formannskapet består av ordfører, varaordførar og 7 faste medlemmar og 15 varamedlemmer.
Ordføraren er kommunen sin fremste folkevalde og rettslege representant. Ordføraren leiar møta i kommunestyre og formannskapet. Ordføraren representerer kommunen og er bindeleddet mellom politiske utval og administrasjonen.
Formannskapet behandlar og gir innstilling til vedtak om årsbudsjett og økonomiplan, kommuneplan og gjer vedtak i dei sakene kommunestyret har delegert/gitt form
Ordførar
Trine Lindborg (Ap) vart vald til ordførar i Bjørnafjorden kommune hausten 2019 etter kommunevalet.
Ho er fødd i 1965, oppvaksen i Banktjørnhaugen i Os og busett på Osøyro.
Lindborg har deltidsutdanning frå NHH og BI, i tillegg til petroleumslogistikk ved Høgskulen i Molde. Før ho blei vald til den første ordføraren i Bjørnafjorden kommune, jobba ho som senior boreforsyningsansvarleg hos Equinor.
Slik beskriv ordføraren seg sjølv :
– Det viktigaste for meg er å vere open, ærleg og tilgjengeleg. Eg ønskjer å vere ein raus og inkluderande ordførar. Ein ordførar som har respekt for at andre har eit anna syn enn meg, og som likevel lyttar. Eg håpar også at eg er ein ordførar som folk har tillit til, sjølv om dei ikkje alltid er samde med meg, seier ho.
Ordføraren har i følge kommunelova som oppgåve å leie møta i formannskapet og kommunestyret.
Ho har i tillegg møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men berre stemme- og forslagsrett dersom ho er vald medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen, og skriv under på kommunen sine vegner dersom ikkje mynde er delegert til andre.
Politiske utval og deira representanter 2019-2023
Bjørnafjorden kommunestyre
- Kommunen sitt øvste styrande organ.
- Handsamar saker som fyrst har vore innom rådmann, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegne.
Bjørnafjorden formannskap
- Heilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar.
- Politiske leiings- og samordningsoppgåver.
- Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett.
- Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling.
- Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomar
- Andre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordføraren
- Valstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval.
- Ekspropriasjon/oreigning.
- Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver.
Plan- og bygningsutvalet
- Handsamar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover
- Ansvarleg for arealdelen til kommuneplanen og rammeplanar for infrastruktur i samband med areal: avløp, vatn, energi, trafikksikring
- Rapporterer til kommunestyret
Tenesteutvalet
- Utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr. Utvalet rapporterer til kommunestyret.
Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
- Skal sikra at innbyggarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.
Bjørnafjorden ungdomsråd
- Skal sikra at ungdom sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder blir fatta.
Administrasjonsutvalet
- Hansamar saker som gjeld det overordna forholdet mellom kommunen og dei tilsette i kommunen, til dømes lønn, arbeidsmiljø og sjukefråvær.
- Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer.
Kontrollutvalet
- Kontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikre at innbyggarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar.
Eigedomsutvalet
- Handsamar kommunens kjøp og sal av eigedom.
Bjørnafjorden eldreråd
- Skal sikra at eldre innbyggarar sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.
Bjørnafjorden valstyre
- Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval.
Klagenemnd
- Har mandat til å avgjera klagesaker som gjeld einskildvedtak (Gjeld ikkje vedtak som er gjort etter særlov, eller der det er fastsett i særlov at kommunestyret er klageinstans).
Klagenemda har lukka møte. Bjørnafjorden kommune publiserer difor ikkje møteplan og kva saker dei har til handsaming.
Namn
|
Rolle
|
Parti
|
Medlem
|
Jostein Bøe
|
Leiar
|
Fremskrittspartiet
|
Medlem
|
Jan Harald Gaassand
|
Nestleiar
|
Senterpartiet
|
Medlem
|
Terje B. Lågeide
|
Rådgjevar
|
|
Medlem
|
Sissel H. Stuberg
|
Medlem
|
|
Medlem
|
Gunvor S. Heggland
|
Sekretær
|
|
Medlem
|
Olav Kvinge
|
1 varamedlem
|
|
1.varamedlem
|
Nina B. Halhjem
|
1 varamedlem
|
|
1.varamedlem
|
Eivind Moberg
|
1 varamedlem
|
|
1.varamedlem
|
|
|
|
1.varamedlem
|
Politiske parti og deira representanter 2015 – 2019
Fusa kommune
Møteplan 2016 – 2019:
https://innsyn.onacos.no/bjornafjorden/historisk/fusa/wfinnsyn.ashx?response=moteplan&fradato=2016-01-01T00:00:00
Os kommune
Politiske parti og deira representanter 2015 – 2019
Møteplan 2016 – 2019:
https://innsyn.onacos.no/bjornafjorden/historisk/os/wfinnsyn.ashx?response=moteplan&
Laster...