Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Politisk organisering 2023 - 2027

ORDFØRAR I BJØRNAFJORDEN KOMMUNE 

Ordførar Terje Søviknes (FrP) er fødd 28. februar 1969. 

I 2023 blei han vald til Bjørnafjorden kommune sin andre ordførar etter kommunesamanslåinga i 2020. 
Søviknes var ordførar i tidlegare Os kommune i periodane 1999 til 2016 og frå 2018 til 2019. 

Søviknes er oppvaksen på Søvikneset i Lysefjorden, kor han framleis bur. Han har to barn.

Han er utdanna akvaingeniør frå Bergen ingeniørhøgskole i 1992, og har i tillegg siviløkonomistudier frå NHH 1992-1995. Søviknes var sjølvstendig næringsdrivande som fiskar frå 1994 til 1999, før han blei politikar på fulltid.

Terje Søviknes har vore medlem av kommunestyret i Os kommune frå 1991, formannskapet frå 1995 til 2019 og deretter i Bjørnafjorden kommune frå 2019. Han har òg vore medlem av Hordaland fylkesting, seinare Vestland fylkesting, sidan 1995, og medlem av fylkesutvalet sidan 2007.
Han er 2. nestleiar i FrP. Frå 2016 til 2018 var han olje- og energiminister, og frå 2019 til 2020 eldre- og folkehelseminister i Erna Solberg si regjering.

Ordføraren har i følge kommunelova som oppgåve å leie møta i formannskapet og kommunestyret. 
Han har i tillegg møte- og talerett i alle andre kommunale organ, men berre stemme- og forslagsrett dersom han er vald medlem. Det er ordføraren som er rettsleg representant for kommunen, og skriv under på kommunen sine vegner dersom ikkje mynde er delegert til andre.

POLITISKE UTVAL 2023 - 2027

Bjørnafjorden kommunestyre

  • Kommunen sitt øvste styrande organ.
  • Behandlar saker som først har vore innom kommunedirektør, ordførar og/eller dei ulike politiske utvala og gjer vedtak på kommunen sine vegner.

Bjørnafjorden formannskap

  • Heilskapsplanlegging (kommuneplan) og andre større planar som går på tvers av fleire sektorar.
  • Politiske leiings- og samordningsoppgåver.
  • Leier arbeidet med økonomiplanen og legg fram forslag til økonomiplan og årsbudsjett.
  • Overordna personalpolitikk og organisasjonsutvikling.
  • Kjøp og sal av kommunale tomter og eigedomar
  • Andre prinsipielle saker som ikkje er lagt til andre utval og saker etter tilvising frå ordføraren
  • Valstyre for kommune-, fylkes- og stortingsval.
  • Ekspropriasjon/oreigning.
  • Vedtak i samband med sals- og skjenkeløyver.
  • Har opgåva som klagenemnd i Bjørnafjorden kommune

Plan-, bygg- og miljøutvalet

  • Behandlar arealsaker etter plan- og bygningslov, jordlov og relaterte lover.
  • Ansvarleg for arealdelen til kommuneplanen og rammeplanar for infrastruktur i samband med areal: avløp, vatn, energi, trafikksikring.
  • Rapporterer til kommunestyret.

Tenesteutvalet

  • Utvalet driv med utvikling og oppfølging av tenestene kommunen tilbyr og rapporterer til kommunestyret. Det blei nedlagd etter vedtak i kommunestyret 17.06.2021 og var i verksemd ut året 2021. Utvalet kjem i verksemd igjen i 2024.

Administrasjonsutvalet

  • Behandlar saker som gjeld det overordna forholdet mellom kommunen og tilsette i kommunen, til dømes lønn, arbeidsmiljø og sjukefråvær.
  • Utviklingstiltak, oppfølging og implementering av nasjonale reformer.

Kontrollutvalet

  • Kontroll og tilsyn med alle område i kommunen. Hovudføremålet er å sikre at innbyggarane har tillit til at kommunen løyser oppgåvene sine på best mogleg måte og i samsvar med gjeldande lover og reglar.

Eigedomsutvalet

  • Behandlar kommunens kjøp og sal av eigedom.

Bjørnafjorden eldreråd

  • Skal sikre at eldre innbyggarar sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.

Bjørnafjorden ungdomsråd

Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

  • Skal sikre at innbyggarar med nedsett funksjonsevne sitt syn i saker som vedkjem dei, blir tatt med når avgjerder skal fattast.

Bjørnafjorden valstyre

  • Ansvar for førebuing og gjennomføring av kommune-, fylkestings- og stortingsval.
  • Formannskapet er valstyre i Bjørnafjorden kommune.

Ombodsutvalet

  • Utvalet skal minst ein gong i valperioden førebu rullering av og fremja forslag til eventuelle endringar og tillegg i dei ulike reglementa for politiske utval i Bjørnafjorden kommune. 

Klagenemnd.

  • Formannskapet er klagenemnd i Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune si heimeside:

Politisk organisering - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)

Laster...